Sankthans er bål, svidde pølser og leik.
Helst skal det vera fint forsommarvêr, med lang, lys kveld rundt varme glør. Men eg hugsar nok flest feiringar med full "oljehyre" og strikkagenser. Eg minnast å stå i kø ved grillen når vel-laget heime arrangerte feiring ved vatnet. Potet- og sekkeløp der vaksne konkurrerte mot oss born var stor stas, og det gjorde ingenting om premien etter full innsats berre var ein våt ballong.
Dagens feiring blei av den fine sorten med godt vêr. Me byrja feiringa med grilling ved sjøen, og enda rundt bålet på leikeplassen saman med gode naboar. Ungane er nett i seng no. Så då gjenstår det å sjå om me kjem oss opp til kvardagen i morgon tidleg.. Men ein skal jo som kjend ikkje sova bort sumarnatta heller!
Sankthans 2008. Grå kveld, men like kjekk!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du sei noko om dette?