tirsdag 8. juni 2010

Sogespel

Etter at arvingen og far var på Mostraspelet for eit par-tre år sidan, har me høyrt mange historiar om fantastiske fektekampar av ekte vikingar. Den gong hadde det òg vore eit lite skodespel i området rundt amfiet før sjølvaste spelet, der dei blei tilbydd å kjøpa seg "ein ekta" trell! Seksåringen var heilt klar på at DET måtte me berre ha, og han har sidan den tid anklaga faren mangen gonger for at dei ikkje slo til på handelen.

I alle fall; i år skulle mammo og litasøster òg få vera med! Søndagsturen denne helga gjekk til Moster.
Eg har sjølv nokre halvbegeistra, vage minner frå skuleframsyningar som varte i fem timar (i alle fall kjendes det slik..), og hadde ikkje veldig store forventningar.

Men det var kjekt! Historia fengjer, med kjærleik, makt og dramatikk. Og sjølv om det framleis kunne vore pittelitt kortare for å holda meg fanga heile tida, og eg ikkje heilt forstår vitsen med å halda det på ekstrem-nynorsk (er meir for dialektar eg!), var eg veldig fornøgd når me gjekk derifrå. Tilogmed litlasøstero holdt ut (om no makken i rompo livna litt til på slutten). Det hjalp jo også litt at vêret var nydeleg. Og Moster Amfi er jo ein fantastisk stad for allslags oppsetningar!

Men noko trell-handel blei det heller ikkje denne gong. Dei var ikkje ein gong til sals i år. Seksåringen har no blitt snart ni, så me får håpa han forstår når me seier at det å ha trellar ikkje er så svært likevel..

Biletet vart knipsa akkurat i det Sigurd Sele, nei, Torolv frå Grindheim blir myrda av presten Tangbrand (Nils Ole Oftebro). Vart litt våt på auga òg då. 

2 kommentarer:

  1. Lurte på om det var "arvingen" som satt heilt framme, for seg sjølv, kloss i 'scenen'.

    SvarSlett
  2. Nei, han var godt plassert ved sida av mammo. Tryggast sånn. Va jo litt skummelt òg innimellom. - Og så slapp eg å anka på at han skulle la seg riva heilt med!

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?