lørdag 11. september 2010

Den kjipaste mammo

- Ja, det blei visst meg.
Arvingen på ni har i dag vore i sin fjerde bursdagsfest med klassekameratar på ei veke, tre av dei klassefestar der heile klassen har vore inviterte. Kjekt og sosialt, og skikkeleg teambuilding for klassemiljøet. Men då det var duka for foreldremøte midtvegs i veka, føreslo eg at me kanskje kunne diskutera om me skulle gå for ein felles sum i gåvekonvolutten (ja, for alle niåringar ønskjer seg helst pengar). Vel, forslaget om diskusjon fekk ikkje voldsom respons, så etter nokre musestille lange sekundar, tok eg til orde igjen. Eg syns rett og slett ikkje at min niåring treng disponera toogeithalvt tusen kroner i ein konvolutt etter ein bursdag med klassekameratar. Det blir dessutan ganske dyrt å senda ungane avgarde i bursdag etter bursdag. Så kanskje det er nok med ein femtilapp? Litt i solidaritet med dei som kanskje ikkje har så voldsomt mykje å rutta med òg; Synd om det at mammo ikkje har råd til det nødvendige eingong skal gjera at podane blir holdt vekke frå sosiale happenings. Og igjen; er det nødvendig å gjera det å arrangera bursdagsfest til ei gullgruve for småttisar som er happy med tretti kroner i vekeløn..?
Vel, det blei ikkje noko diskusjon, anna enn at to-tre andre sa at jo, det var kanskje lurt å bli einig om noko. Men eg trur likevel det enda med at folk gjekk heim med inntrykket at det enda på ein femtilapp (-kanskje fordi det var einaste summen som blei nemnt..?) Eg gjekk i alle fall derifrå med ei kjensle av å vera skikkeleg kjip. Det hjalp lite at samboen heime påpeikte at femti kroner; det låg det jo på då me var ungar òg! Og så var det jo liksom veldig "convenient" for meg då, sidan min gut hadde feiring tre dagar før dette møtet. Endå godt han berre hadde gutabursdag..
Så no har eg altså gått nokre dagar og følt meg som verdas kjipaste.
Kjipt.
Men eg er like overbevist - om ikkje meir- om at det held i bøtter og spann med ein femtilapp når presangen skal vera reine pengar. Noko anna om ein kjøper noko; ein får jo "ingenting" for ein femitlapp.
Men for 24 femtilappar får ein jo litt.

Kva meinar du? 

3 kommentarer:

  1. Flott du tar opp ditta på eit foreldremøte (og her på bloggen då) Cecilie!! Tenker at da e te da beste for alle partar om ein hadde fulgt ditt forslag...ein slepper vri hjernen om kva ein skal finna på te gåve og kor mykje ein skal legga i da...dessutan e da meir sosialt rettferdig...og da skal ein faktisk tenka på synes no eg!! Dei søte små har stort sett meir enn nok av alt...og treng ikkje bli unødvendig bortskjemte..dei ofta kravstore ungdommane me klagar på har me vel ofta skapt sjølv...??Ja, ja, måtte berre gje deg mi meining, og mi støtte på dette!! er enda ein del år te junior her e skulegut...men kjenner eg e klar te å ta da opp på da førsta foreldremøte;-)Kanskje da e ditta me tok vidareutdanning i, korleis bli dei kjipaste mammene i klassen...?? ;-)

    SvarSlett
  2. Eg er heilt enig med deg eg òg. Eg syns no det er litt kjipt når dei berre ønske seg pengar eg, og får lov å skrive det på invitasjonen. Skal dei vera så kjipe å ønske seg pengar, så får ein kjip 50 lapp vera nok

    SvarSlett
  3. Eg syns det var bra du tok det opp, Cecilie! Og du har rett i at det vart oppfatta som om ein var blitt einige om ein femti-lapp, me hadde ein oppklarande diskusjon i heimen om ulike årsaker til at det var nok :-) Etter berre å ha snakka litt om det var det til og med greit at dei som hadde hatt bursdag til no i år faktisk hadde fått meir... Eg støttar det fullt ut, og nei Cecilie - du er ikkje kjip!

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?