Ikkje kvardagskost for meg akkurat, men eg har nett fått meg ein omgang med bodypeelingmassasje! Fekk eit gåvekort her for ei stund sidan, og no var det på høg tid å ta det i bruk!
Å gå på SPA er einstydande med luksus og bortskjemming av seg sjølv i mine auge. Det kostar ei skjorta og to, og tek dessutan tid "til meg sjølv", som eg ikkje har flust av. Og eg er ikkje særleg flink til å skjemma meg sjølv ut med slikt i ein stressa kvardag. Har vore og fått fotbehandling og og "facial" ein gong - også ei gåve - og fantasktisk deilig! Men har liksom ikkje blitt til at eg har gjort det for eigen maskin i mellomtida.
Vel; uerfaren SPA-gangar som eg var, kjende eg på ymse kjensler der i den herleg atmosfæren på Sport-treff. Ei skjønn jente skulle gi meg behandling, og ho hadde sagt til meg i telefonen at eg skullle ha med meg badedrakt.
Så då stod eg der då, i garderoben og trædde denne på. Som alltid noko ubekvem i ein stor garderobe, med magar og lår som dissar, stygg truse og knalne sokkar, og raskast mogeleg i rørslene, for å unngå å stå der avkledd blandt ukjende. Eg fekk tildelt eit skap med badekåpe, handklé, tøflar og eingongstruse (!). Og der var spørsmåla og usikkerheten på plass; skal eg ha den på i staden for badedrakten? Eller under? Og skal eg ta på morgonkåpa etter at eg har dusja, eller etter sjølve behandlinga? Tøflane; er det meininga at dei skal brukast på veg inn i spa-avdelinga, eller medan ein er der - men ikkje i dusjen (sjølvsagt). Eller berre etterpå, når ein er rein og deilig?
Eg tok på meg medbrakt badedrakt, og tok med skap-utstyret inn i spa-avdelinga og la det frå meg der. Tok meg så ein dusj (ja, med badedrakt, var jo brått inne på fellesarealet), og så la eg merke til at handklé låg igjen borte på ein benk. Åh fan, no blir det jo vått på golvet, slik det så tydeleg står på plakaten utfor dusjen at det ikkje bør bli. Pinlig. Vel, eg tørkar meg som best eg kan - og golvet med - og set meg ned i badstua før eg tenker eg skal inn i steamen. Men så kjem damo og hentar meg med inn i behandlingsrommet. Ei lite, dust belyst rom, med ein plastlagd behandlingsbenk i midten, roleg panfløytemusikk frå høgtalarane, og deilige dufter frå utallege krukker. Badedrakten blir bytta ut med eingongstrusa (Kva veg skal dette tøystykket med strikkar på??), og eg legg meg etter instruksjon ned på rygg, i eingongstrusa. Føler meg veldig kjekk. Men jenta er roleg, dekkar meg til som best ho kan med nokre handklé, og byrjar kna på beina. Grovt salt frå einellerannan stad skal fjerna alle daude hudceller, og eg skal bli som ny.
Eg prøver å slappa av, og å kjenna etter, at det er godt å bli knadd. Men klarar ikkje heilt befri meg frå tanken på om ho skal gjera dette med heile meg? Altså - magen òg? Eg hatar at nokon tar meg på magen, blir kvalm at naveltouch, og alt det hud og flesk vil eg gjerne ha for meg sjølv. Men joda, ho har fått betalt for alt, og vil gi meg alt. Eg inntar ein slags utavmegsjølvtilstand trur eg. I alle fall ser eg meg sjølv ligga der og bli knadd. Som om eg får ein gynekologisk undersøkelse, også då litt sånn distansert frå meg sjølv. Men dette ser unekteleg betre ut. Og jenta, ho gjer jo berre jobben sin. Ho meinar eg bør ta meg tid til ein eigenbehandling ein gong i veka. Og det høyres unekteleg flott ut!
Og så er eg brått ferdig. Eg blir vist til dusjen, deilige lotions og hårkur og heile pakken; forsyn deg, ta gjerne ein tur i badstua etterpå, og nyt det! Og eg prøver. (Men skal no badedrakten på igjen? Kva med den merkelgege eingongstrusa, kor skal eg hoppa frå det eine til det andre?)
Eg trur kanskje at neste gong vil eg kunna nyta det endå meir. Då veit eg i alle fall kva eg skal gjennom. Og ikkje minst kva eg skal ha på meg kva tid. Og slik kan usikkerheten til ei uerfaren spa-besøkande Tårnfrid bli litt mindre. Dèt blir fint! For det skal bli fleire slike sjølvbortskjemmingstimar. Eg har tru på denne typen mentalhygiene.
Når ein berre får ro til å nyta det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du sei noko om dette?