Som til dømes halvuinteressante TVprogram som eg blir sittande å sjå på somme seine kveldar. Til tross for at dei varer for lenge, og eg dermed ikkje får min etterlenga skjønnhetssøvn. - Og så sluttar dei heilt ubegripeleg teit, og eg bli sittande å måpa - for at eg har sutte og sett på dritet, og for at det går an å laga noko så meiningslaust idiotisk. Hin kvelden var det ungkarskvinnen eg blei sittande framfor. HERREGUUD!
Og så då, midt i TV-hjernenedsløvinga, kjem reklamen. Ofte irriterande i seg sjølv, men avogtil greitt til do-pausar. Og avogtil er det faktisk gode reklamar. Men altså; ho der dama i Gina Tricot-reklamen; kvifor må ho vera så utruleg kunstig brun? Ho er jo så fin, og reklamen i seg sjølv er heilt på linje med andre liknande reklamefilmar som det høver seg å ta toalettvisitten til. Men hallo; ser ikkje dei som lagar slikt at den fargen ikkje ser normal ut??
Og så har du sure butikkmedarbeidarar, dei som aller helst kunne tenkt seg å sleppa å snakka med kundar i det heile. Eller dei søte, kjekke, - som syns det er heilt greit å stå med ei jækla snusleppe bak disken! Kunne dei ikkje heller berre fyrt opp ein sigarett? Kor er dei som burde lært dei opp??
Og med det same eg er i butikken; sa ikkje Rema ein gong "det enkle er ofte det beste", og "kun lave priser"? No køyre dei på med "tre for to" og "to for ein". Og eg trur eg MÅ kjøpa tre liter Biola, sjølv om me berre drikk ein i veka, og eg veit dei kjem til å bli utgått på dato før eg får tømt dei..
Og ja; handlevogner med myntdeposit! Kven har mynt med seg no til dags?? Eg betalar i alle fall omtrent alltid med kort. Eg prøver å ha nokre tiarar til slikt, men rett som det er står eg der uten. Aaaaaaah! Då toppar det seg gjerne for meg når eg kjem ut frå butikken, med ein pose som er på nippet til å slita, og eg må tråkla meg mellom bilane som absolutt MÅ parkera nærast mogeleg - og helst i - døra!
À pro pos posar; er det mogeleg for SIM (eller kven det no er som har den oppgåva?) å bestilla pittelitt større maisposar til å ha i biobosset??? Eg slit i alle fall tre posar sund før eg får trædd nedpå ein som forblir heil oppi biobøtta. Mat for høgt blodtrykk!
Nei, det er godt at eg ikkje lar meg irritera like lett alle dagar. Og at me har mykje å le av her i verda òg. Vaksne folk i One-piece for eksempel!
Eg høyrte ein bekjend hadde blitt påspandert ein drink av ein mannleg C-, nei, D-kjendis kledd i dette praktiske plagget ute på restaurant på Vikjo her ein kveld!
Hehehehe, eg får herlege bilete i hovudet mitt! :-)
Hei,
SvarSlettEit ærleg blogginnlegg med høg gjennkjennelsesfaktor, det kan eg like.
Enkelte er så opptatte av å vere positive heile tida og ikkje kaste vekk energi på slike irritasjonsmoment at DET er irriterande i seg sjølv..
Helsing søskenbarn og tidligare nabo som irriterer seg over ganske mykje på dei rette dagane.
Hei
SvarSlettKjenne meg igjen i mange ting her ja. Både når det gjelder reklame, tv-program og ikkje minst plastposer som går sund. Ein annen ting er syklister som MÅ sykle midt i veien, der det er flott sykkelsti parallelt med veien.
Men godt og lese at også du kan irritere deg, rolige, beherska Cecilie....
Kom på eindå ein ting; Kvifor blir det laga bøker, tv-program og gitt masse oppmerksomhet til mordarar og kjeltringar? Kvifor skal dei bli "kjendisar"? Lusekofte, bryllaup ridande til hest, eller no sist; karius og baktus i Kongo. Arrgh!
SvarSlett