Dei siste dagane har eg besøkt veldig mange (for meg) nye bloggar, eller "oppmerksomhetsportalar", som ei av dei eg vitja så fint kalla det. Eit fascinerande studie i grunn. Ein av ungdommane mine viste meg nemlig ei liste eg ikkje visste eksisterte, ei 100-på-topp-bloggar-på-Stord-liste. Her ligg visstnok dei mest leste bloggane laga på Stord, som er laga på blogg.no. Min blogg er ikkje laga her, så den kjem uansett aldri på denne lista. (-Og er vel heller ikkje nett eit mål, sånn sett) Anyway; korleis det blir telt veit eg ikkje, og noko trefftal finn eg heller ikkje.
Men det var likevel interessant å blafra litt gjennom. Mykje med bakgrunn i jobben min med ungdom. For her var unekteleg flest ungdommar. Unge jenter. Så no veit eg endå litt meir om kva som opptek og er viktig for jenter mellom 12 og 19 år. Kort oppsummert;
- mote ("I dag har eg på meg..", "Dette ønsker eg meg:..")
- bestevenner ("Eg og bestisen har gjort ditt og datt")
- å få tilbakemeldingar ("Send spørsmål til meg då, så skal eg svara på videoblogg")
Dessutan har eg fått bekrefta endå meir inntrykket eg har fått på nett av at veldig mange jenter ynskjer å bli glamourmodellar. I alle fall ser det slik ut utifrå bileta dei legg seg ut med; Dess større trutmunn, djupare kløft og mørke og mystiske auger, dess betre. Sikkert gode jobbsøknadar for alle dei som vil bli glamourmodellar. Men vil alle det? Nei, altså, dei fleste er vel ikkje heilt der, men utruleg mange har tydeleg lyst å laga Voe - liknande bloggar, med produktutprøving og med mål om å bli invitert på premierefestar og andre "kjendis"-opplegg.
Mange er òg overraskande opne og djupe, faktisk. Og det skjer verkeleg i hjarta når ein les nokre av skildringane av kor einsam eller såra ein kan vera. Og eg blir lukkeleg når ei på fantastisk poetisk vis klarar å formidla si sårbare forelsking. Nokre er anonyme (helst dei såre), med berre kallenamn og uklåre bilete, medan ande legg seg "heilt ut" (dei som vil bli Voe?). Flinke å skriva er i alle fall dei aller fleste. Må vera ei fryd for norsklærarar at elevane får så mykje skriveøving! Innimellom alle jentene finn ein ein mann eller to, og nokre familiar eller reiseskildringar. Mykje god undehaldning i alle fall!
På mi eiga favorittbloggliste ligg både folk eg kjenner og ikkje kjenner sine bloggar, med litt kvardagsliv, litt humor, litt idéar og litt sterke meiningar. Og fine bilete. Kjem tilbake til det ein annan gong. :-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du sei noko om dette?