onsdag 12. mai 2010

Eit produkt som held det det lovar!

Eg iiisa i ei tann, om eg åt varm mat, kald mat, all mogeleg drikke.. Fekk sjølvsagt heilt klar førestillig om at eg hadde hòl i tanna, og byrja kvi meg til tannlegebesøket. Vog att og fram og opp og ned i nokre dagar; er det nødvendig å ringa og bestilla time? Neei, det er ikkje såå gale.. Eller, isssh, er det det?
Men så dukka plutseleg den årlege innklallinga opp i posten, så då var det liksom ikkje meir å diskutera (ja, for eg har rett som det er ganske heftige diskusjonar inni hovudet om ymse tema). 
Vel oppkopla i det elektriske vidunderstolen, med papirsmikka lett dandert under haka og dingsar som surklar og fresar innfor leppene, får eg spørsmålet om eg har noko eg kjenner på. "-Mei, itsje shå velldig, ingentingh shpeshielt!.." Svaret kom mogelegvis litt for kjapt. Men så får eg tenkt meg om, og eg er jo heisen på å  råda andre til å koma seg til tannlegen så fort dei kjenner noko. Argumenta hos "for"-sida vinn, og eg mumlar vidare "-Eller, da ishar weldi nedi baki hher!"
Men kjekke tannlegen min konstaterte at det faktisk ikkje var hòl, berre sprekker i emaljen. Og det er det visst ikkje så mykje å gjera med. "-Så bytt tannkrem, Sensodyne skal visst vera bra".
Som sagt, så gjort.
Og så gløymte eg i grunn heile tanna.
Heilt til eg reiste vekk, utan tannkremen  min. Brukte den gamle, som bur i toalettveska, og fortsette med det då eg kom heim..
Og dævven, kor slitande det er med ising!
No er det på med isetannkremen, og gle-gle-gle meg til den er innarbeida igjen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du sei noko om dette?