søndag 16. mai 2010

Gratulera med dagen Noreg! - Og Tone!

SÅ var bunadsskjortene strokne, og klare for morgondagen. Takk til mammo som forbarma seg over meg, og tok to av dei. No når dei heng på rekke og rad her, lurar eg på kva ho gjer annleis enn meg: Det er nemleg urimeleg stor skilnad i stryke-kvaliteten (og ja, eg kjem dårlegast ut!).. 
Bunadar har blitt prøvd, justert, og knappar blitt flytta på. (Note to self; Hugs å ordna dei FØR mai til neste år!) Sølvet e pussa (jaffal blitt duppa i giftblanding, så da skine no litt meir enn da gjorde), og flagg, snurregreier og trompet (!) ligg framme. 
Så no kan 16.mai berre gå over i 17.mai!
HURRA! 

1 kommentar:

  1. ja korleis i svarte klarer mødre den der strykinga. Eg klarer ikkje ein gong å kle på meg sjølv. uten mamma -ingen bunad

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?