søndag 30. mai 2010

Prosjekt

Ok. Eksamen innlevert og feira. Har kome i gong med alt som har hopa seg opp på jobb. Og så var det heimen då..
Eg har klart å holda overflata sånn nokolunde. I alle fall nok til å ikkje bli stengt ned av mattilsynet og barnevern (trur eg..). Og ja, handyman-Samboen e med på laget han òg. Men han har òg noko han prioriterer vekk.. Og no er han på jobb igjen.
Så; ein del har rett og slett blitt fullstendig neglisjert dei siste vekene.
Som klesbretting og -system. Eg vaskar og heng til tørk. Men så stoppar det altså opp. Alt blir tømt i sofaen i stova, og så hentar me der når det er tomt i skap og skuffer. Og å rydda vekk det som har blitt for lite har i alle fall ikkje blitt gjort no når ho mor har holdt på med "leksa" heile tida.
Så no: Prosjekt "Få-orden-i-kler-skuffer-og-skap" er herved offisiselt opna.
Eg kunne ønska dette berre var eit illustrasjonsfoto.
I staden er det ein liten glip av røynda. 
Godt det er søndag!






2 kommentarer:

  1. Då ser eg kva me skal få gjera i dag, utenom å eta middag hos deg:)

    SvarSlett
  2. Mhm.. blei kje mykje gjort der gitt, bortsett frå å rota endo meir... ;-)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?