mandag 10. mai 2010

Dugnad

I følge Wikipedia er visst ikkje "dugnad" så norsk som me vil ha det til. Men ordet blei uansett kåra til Noregs nasjonal-ord på NRK-programmet Typisk Norsk etter avstemming, knepe framfor m.a. "jah" (på innpust) og "matpakke". (Sjå der, eg lærer noko nytt kvar dag! :-)
I ettermiddag har me hatt årets første dugnad i nabolaget.
"Ååhh! DUgnaD", seier mange. Passar gjerne på å få det til å "kollidera" med eit møte eller anna, som gjev "lovleg" fråvær, med godt samvit.
Med dette skjønar eg berre ikkje. Dugnad er jo koseleg!
Eg rusla meg først ein tur med ein boss-sekk over armen, og hadde "sjå-kven-som-finn-mest-boss"-leiken med prinsesso. Så var det smapludring med naboar. Helsa på nokre nye ansikt, som eg har skimta i forbifarten, men aldri heilt har fått plassert. Ein hadde jamvel med seg kaka. - Og så blei det både ryddig og fint på leikeplassen og langs vegane rundt. Dugnad er ein fin tradisjon!   
Her er frå St.Hans for eit par år sidan. Regn høyrer med. Bålet og teltet er sett opp på dugnad, etter felles ryddeaksjon på leikeplassen. Og kvelden blei skikkeleg koseleg!

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Fekk litt dårleg samvittighet eg no, for eg har nemlig skulka ein dugnad i dag, men eg trur da er første gong. Og eg er så enig med deg, da er jo koseleg og me får gjort noko for felleskapet:) og så er da alltid kjekt å lesa bloggen din

    SvarSlett
  2. Hehehe, det var nett dårleg samvittighet eg håpa å hausta då eg posta denne..
    Neida, alle kan uansett aldri alltid. - Og eg høyre jo at dine haldningar til dugnad er "rette"! :-)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?