mandag 17. mai 2010

Russakort

Dagen i dag har handla mykje om is, leik, premiar, gnagsår og småprat med mange kjekke kjentfolk. Og ikkje minst russakort!
Arvingen er, som eg har skrive tidlegare her, svært interessert i desse korta. Han har òg klart å overføra interessa til litlesøstera. Og hin dagen dukka dei begge opp frå teiknesakene med kvar sitt heimalaga russakort.
Her er hans. Og om du ikkje er heilt stø i tredjeklassingshandskrift; dette er hans motto:
"Alkohol løyser ingen problemer. Men det gjer faan ikkje tran heller.."

3 kommentarer:

  1. ha ha ha ha (trekker pusten) ha ha ha

    SvarSlett
  2. Må legge til at "arvingen" stod på ein stol og leste den opp under 17. mai lunchen hos oss. Responsen den var god ja ;)
    Mormor til arvingen

    SvarSlett
  3. Ha,ha...han har skjønt det han!..og bare 3 år! Storartet!! Cecilies medstud.

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?