torsdag 20. mai 2010

Dundelina

Småjentene i huset er avogtil prøvekaniner for dei skjønne Dundelina-kleda til Monica. Begge jentene stiller velviljug opp når ho treng prøva storleikar, testa ut vidde, lengde og passform.
I tillegg har størstaprinsesso ved fleire anledningar hatt mulighet til å vera modell ved fotograferingar. I utgangspunktet har ho også då vore positiv, og har kasta på seg kjolane med stor iver.
- Men så passar det plutseleg ikkje frøkno å gjera som verken fotograf, designer eller mamma vil.
Så god-bileta lar seg venta på frå denne kanten. Modell-karrieren òg...
Uansett. No har Dundelina hatt konkurranse.
Me vann ikkje, men Prinsesso sin kjole fekk i alle fall heiderleg omtale. Så kanskje neste gong..

3 kommentarer:

  1. Så flott!!
    Fine kjolar, fin jente og fine teikningar:)

    SvarSlett
  2. Veldig flotte klær ja.
    Jentå har eg sett blidare, og alle veit kor bestemt ho kan væra, så lika greit og ta bildet i det humøret ho er i.

    SvarSlett
  3. Fantastisk teikning!!!
    Eg kan med handa på hjarte bekrefte og sei at ho heldigvis ikkje har arva teikneferdigheitene til tanto. Helsing tante :)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?