torsdag 11. mars 2010

Mmmmmmmm!

Eg har bakt! Mmmmmmmmm... Mmmørke sjokoladesnacksnyydeilige cookies. Leste om dei i bloggen til Aina ein dag, og har tenkt på dei sidan. Oppskrifta var Nigella si, og ho veit eg jo har sansen for det goda. Så dermed blei det sjokoladeinnkjøp og spekulering i kva tid det kunne passa med eit aldri så lite ekstrakalorisjokk.

Det blei altså i dag!

Prinsesso skulle ha med ei veninna heim frå barnehagen, og eg hadde dessuten studiefri frå jobben (ja, eg har studert litt òg!) - så då tenkte mammo at det kunne passa!
Og det falt i smak! 

Og med det same eg hadde forklé på, heiv eg på ein brøddeig òg.
Så no er det nybakt brød med brunost til kvelds her, og sjokoldecookies til dessert.

Berre å komma!
(Litt erfaringar, om du skulle få lyst til å prøva sjølv: Eg brukte ein pose mørke sjokoladeprikkar og ein stor, opphakka melkesjokolade, det var snadder! Neste gong skal eg ha litt mindre kakao i, og kanskje ein skvett med kaffi. Og kanskje får eg tak i vanilje-essens til dess, i dag blei det mitt eige vaniljesukker.)

3 kommentarer:

  1. Hei cecilie! så gøy å sjå bloggen din!!åååå dei sjokolade cookisane såg fantastiske ut...mmm:)men du har vell ei oppskrift så e på norsk? den nydelige fortellingen din om småtassane dine som kjem om natto va så fin..kjenne da igjen ja..trongt men kosli..hilsen anita kehr...å snart e da klubb..kjekt:)

    SvarSlett
  2. Mmm.... gler meg til kvelds ;-)

    SvarSlett
  3. He he då var du hooked, eller Heilt enig med kakaoen. Fyrste gong glöymde eg den og då blei dei bedre faktisk. Dessuten tar eg litt litt mindre av sjokobitane og lar dei steike litt mindre tid slik at dei er seige inni - det er min favoritt. Aina

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?