søndag 21. mars 2010

100 dagar


Laurdagskvelden var fin! Om den no sit litt igjen i kroppen etterpå..
100 dagar - arrangementet, musikkfest for å feira at me nærmar oss Stordfest 2010, var eit stort kalas, med masse variert musikk heile helga. Som den fjernsynshungrige og heimekjære fredagspersonen eg er, valte eg altså sofaen på fredagen. Og den gode studenten i meg gjorde prioriteringa slik at eg måtte droppa musikken på Laur-dagen. - Men var klar for å ta det igjen når kvelden kom!
Og kvelden starta med kjekt besøk rundt eit kosleg bord med trivelege damer. Det blei som det måtte bli; så triveleg, at noko av den tidlegaste musikken blei spelt utan mine øyre tilstades. I alle fall, når øyrene først kom seg på plass, var det jo så mange kjekke folk - som eg ikkje hadde sett på lenge - at eg har litt dårleg samvittighet i dag. Eg trur muligens eg blei ein av dei som eg så ofte har irritert meg over på konsertar, som pratar i veg med sidemannen, med musikken i bakgrunnen.. Nei, faktisk trur eg at eg fekk balansert det ganske greitt, godt hjulpen av eit smart arrangement der me kunne velga å forflytta oss rundt til-frå mellom musikarar og gamle vener.
Bluesgangsters, Bite og Bastard; knakande kjekt! Og knallande hard svart-rock, med raspande stemmer og mykje tung bass; eg lot meg fascinera! Blei ståande å fundera på kva dei eigentleg syng om. Tru om det handlar om vårblomar, kattungar og bestemor si gode ripssaft? (Det hadde i alle fall vore jysla løye om det var slik!)
Eg må sei eg fekk eit bra utbytte av denne kvelden. Mykje bra musikk! Mange kjekke folk! Vårfølelse når eg gjekk heimover i natta på bare vegar.
Kva gjer det vel då, om eg må betala litt med å vera noko slakk i pelsen i dag?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vil du sei noko om dette?