fredag 19. mars 2010

Action i natta

01.37. Øhu! (med stum u)! Etterfulgt av lyden av væske som klæskar i golvet frå halvannan meterts høgde. Kjenne den lyden! Eg bråvaknar, og er på golvet før prinsesso har hutra fram "eg e sjuk..".  Kjappe steg, og eg får konstatert at ho i alle fall kom seg ut av senga denne gong, og faktisk halvvegs mot badet.
Øh! Endå meir ja! Tynt og lett klumpete skvip skvettar oppover veggar og leggar. Prinsesso har eit grønleg skjær over nasa. Mammo geleidar inn på badet i håp om å nå toalettet før neste Øh! Håpar ingen av dei andre vaknar!
Så er det dusjing og på med ny pysj, trøysta og varma litt, og putta forsiktig under dyna, - med bøtta ved sida av. Og så fram med vaskebøtta, filla, klorin og grønnsåpa. Klokka er 02.26, og eg vaskar veggar, rekkverk, golv, og så meg sjølv.
02.39, og eg er under dyna igjen. Lyttar. Sprett opp ved første host frå naborommet. Puh, berre vanleg hoste! Lettare typisk at pappen reiste på jobb i går, så då er det mammo som må bli heime. Kva var det eg hadde på plakaten i morgon no igjen? 03.02. Sjekkar sjuandesansen. Ok, det lar seg ordna i morgon, blir ein alternativ arbeidsdag. Nytt host? Øhu? Nei, er visst ro.
Sovnar nok snart igjen..

1 kommentar:

  1. Åååå kjenner meg igjen her gitt. Du beskriver det så bra.Eg har total fobi mot spying og laga ein avtale med sambuaren för me fikk ungar at han skulle ta seg av slikt. Er ikkje fullt så gale som eg hadde trudd når det er eigne barn, men det er han som har hovedansvaret kan ein vel sei. Må väre töft dei gongang du er aleine med ungane i tillegg

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?