Arvingen spør til fukost. Far forklarar ironisk at "dei var ikkje fornøgde med berre ein morsdag". Mor fryktar at arvingen ikkje forstår ironien, og gjev ei litt lenger utgreiing om lik løn for likt arbeid og like muligheiter uansett kjønn. Tante supplerer seinare på dagen med at "den dagen menn tener 20 prosent mindre enn kvinner så skal me bytta, då får dåke ein eigen dag!".
Så får me håpa at arvingen fekk med seg poenget.
Eg har i alle fall vore og fått med meg 8. mars-arrangementet i kveld. Både for å høyra dyktige kvinner snakka og synga, og for å stilla opp når ting blir arrangert. Og igjen; mykje flinke folk her på holmen altså!
Forsaka tilogmed småtrolla si leggetid i kveld. Men det klarar vel pappen?
Dessutan; poenget med ein eigen dag med fokus på kvinner sine rettar har framleis ein funksjon, sjølv i dag, 100 år etter første kvinnedagen. Berre det at me hadde emnet på tapetet til frukost gjer dagen nyttig, meinar eg.
Gratulera med dagen alle kvinner!
jepp! Eg er heilt enig;)
SvarSlettEg er også heilt enig og fornøyd med å lese dette. Kjekt å sjå at så mange unge stiller på arrangementet. På Stord er det veldig bra oppmøte og folk flest som stiller.
SvarSlettSletten på arrangementet med 4 jentene i 4ADAMAS var knakande god:)