Eg trur curling e sporten for meg! Trur nok at eg kunne ha gjort ein god innsats der. I alle fall viss eg hadde lært meg reglane. Og fått anledning til å prøva. Eg syns det liknar litt på bowling, og det hender eg får til ein strike der! I alle fall på wii'en. Eg har vel potensiale då??
No har me jo ein relativt fin is her på holmen. Er det ikkje berre til å teikna opp ein ring og to der, og så kasta nokre steinar? Ja, og sjølvsagt kosta??
Har, som så mange andre, igjen fått augo opp for idretten no i løpet av OL. Som sist OL, eller var det det før? Det var vel då den sporten vart fødd her i Noreg?
Trur muligens eg gløymte sporten i mellomtida, men no kjem eg nok ikkje til å gløyme det igjen. No har me jo dei fancy buksene på harddisken i tillegg. Kjem nok til å tenke på curliug kvar gong eg ser ein klovn!
Korleis melder me oss eigentleg på landslaget i curling?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vil du sei noko om dette?