Kva påvekar oss til å bli som me blir og til å gjera som me gjer?
Har sett eit par episodar av Hjernevasken til Eia i kveld. Konklusjonen min er at eg trur eg hadde gjort meg veldig dårleg som forskar. Som politikar òg, for så vidt. Eg blir i alle fall veldig lett overbevist. Og motbevist. Og overbevist igjen. Og sånn går nu dagan..
Når ein forskar her vert intervjua, som hardnakka hevdar at han har rett i at miljøet har nesten alt å sei for korleis born blir, så trur eg på han. Så kjem neste, som også har gode argument og overbevisande forsking å visa til, og hevdar at gener, altså biologi og evolusjon gjer oss som me er. Ja, då trur eg på det òg. Så er eg like klok. Eller..?
Uansett; Programmet var i alle fall både underhaldande og - trur eg - lærerrikt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Eg har sett alle programma, sovna berre littegrann. Eg er meir og meir overtydd om at det er genetisk betinga. Likar Eia veldig godt, han greie seg ikkje på håret uansett kor han er han i verden og kven han besøke. Lure på om det er genetisk?
SvarSlettHøyrte nett i radioen at Lorentzen har meldt Eia inn til pressens faglige utvalg, hmm, blir intressant det.