Prinsesso på 5 ("-åethalt") kom strålande heim frå barnehagen ein dag, med endå ein teikning. "Her er du mamma, når du dansar ballett!" Som om dét var det mest naturlege i verda. Men eg syns teikningen var så fin. Og endeleg eit "heldig" bilete av meg, med kjole å greier! Det får publiserast!
Eigentleg er den daglege teikneproduksjonen så pass stor at eg ankar litt på heile regnskogen. Kor mange ark per unge per dag skal til før me går tomme for tre? Eg får vel også innrømma at ikkje all kunst som blir levert, blir tatt like godt vare på. Men nokre gullfunn må me jo arkivera. Som dette.
Mormor lure på om eg er ein tanke inhabil, men den var gysla flott. Både historien og tegningen:)
SvarSlett