tirsdag 13. april 2010

Hompetitten


Å sitta bakpå ein pick-up i solskin såg idyllisk ut. Men ein times tur på landeveien i guatemala blei sterk kost for ei sart rompa som ikkje var heilt restituert etter 24timarsflyreisa nokre dagar tidlegare. Men det var artig! Fekk sjå lokalt jordbruk, minikioskar midt i ingenmannsland, og arbeidsfolk med tunge bør på hovudet langs vegen. Og hadde dessutan godt selskap på planet! :) Turen gjekk til to kvinnegrupper som fekk læra å lesa og skriva. Vaksne, flotte bondekvinner som ikkje hadde fått anledning til å læra denne kunsten tidlegare i livet. Dei hadde enkle kår, men så stort pågangsmot og vilje. Herlege små ungar hang på, dei var forundra over desse rare folka som kom på besøk! Sterke inntrykk å få i dette landet!

1 kommentar:

  1. Så kjekt å fylgja deg på bloggen Cecilie! Minner til tider om Lasse sine rapportar for ti år sidan, men dei var slett ikkje så fint laga og delt med omverda. Gode dagar til deg, her snart heimreise frå Australia. Synnøve - Hedda helsar

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?