mandag 19. april 2010

Hell og lukke


Fann denne her firkløveren ein dag. Trur den har vore til nytte i dag! Har nemlig vore del av traffikken her i halve dag. Hadde ein herleg og flink sjåfør sjølv, men det hjelp lite når 'alle' andre køyrer som idiotar! Eller, jo det hjelp faktisk litt. Me kom jo heilskinna fram! Eg først ivrig med i baksetet. Men det blei fort anstrengande å 'bremsa' og følga med i blindsona, så eg fann det best å lukka augo og lytta til sjåførens utvalde musikk i staden for å halda pusten kvar gong nokon køyrde forbi oss eller andre. - Gjerne med lasteplanet fullt av folk, og rett før ein bakketopp. Vel, me kom ikkje borti nokre ulukker, og fram kom me. Så anten det var sjåføren, firkløveren eller kanskje mayaseremonien for nokre dagar sidan som hadde effekt, føler eg meg i alle fall litt heldig no.

2 kommentarer:

  1. Frå mor di
    Eg er glad for å lesa at du er komt deg vel fram. No har me jo kjørt i lag både i Malaysia og Brasil og hatt hjerta i halsen begg to. Så at det går bra er ikkje takka vera kjørestilen. Får håpe at firkløveren hjelpe deg på flyturen heim også:)
    Klem

    SvarSlett
  2. Hei Cecilie
    Kjekt og følgja med på reisa di.
    Må væra ein opplevelse. Men bilturen, den høyrtes ikkje så kjekk ut.
    God tur heim snart.
    Laura

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?