mandag 5. april 2010

Det gjorde godt!

Så var påskeferien over for i år. Det er ikkje til å legga under ein stol at det er deilig med fri! Me har nytt hyttelivet. Snudd på døgeret, sett koseleg barne-tv til langt på dag, ete og drukke godt, og hatt og fått besøk. Det har vore kos! I alle fall så lenge toalettforholda var akseptable..

No er det berre ein fridag igjen før kvardagen tek oss. Den må nok brukast til opp-pakking og å koma seg på plass igjen. For du hendelse kor mykje me dreg med oss! No flyt huset over av redningsvestar, skitne sokkar, halvleste ukebla' og fuktige handkle. Vaskemaskinen går seg nok varm i morgon!

Litt bilete frå påskeferien vår..

Jepp, blei jammen litt "påske-verkstad" på hytto. Jentene malte eggaskalet etter frukosten, og vips, så hadde me koselege telys å pynta med!
Litladokko har ein liten time-out framfor fjernsynet mens resten av gjengen leikar i fjøra. På bordet, praktisk og komfortabelt nok.
Nam-nam, godkjent innhald i påskeegga som Påskeharen hadde lagt ut.
Gullungane på båttur langs Bømlalandet.

2 kommentarer:

  1. Dette var koseleg både lesing og bilde. Avreagerte litt på facebook og så inn på bloggen din som er kjekk lesing som vanlig. Har vore oppe å sagt god tur til, seie det igjen; God tur og take care:)
    Klem frå mamma

    SvarSlett
  2. Kjempekjekt å lesa bloggen din. Du er god - som alltid. Klem frå Synnøve - fortsatt i Australia

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?