søndag 25. april 2010

Borte bra, men heime best!

Dette skiltet heng over døra heime. Vart kjøpt og montert av Sambo etter det eg trur var ein av hans jobbturar med stor heimlengt. I alle fall, dette var det første som møtte meg når eg ganske utslitt sette alle pakkenellikane på trappa etter 34 timarreisa heim. Og må sei det føltes deilig å vera der igjen!

Når det er sagt, var me utruleg heldige med turen! Såg ikkje snurten til ei einaste oskesky. Og støste utfordringa var då me kom eit halv minutt for seint til halv tolv-ferja heim. Skal sei den halvannan timen ekstra ventetid var lang! - Godt dei har ope på kaien på Os ein sein fredagskveld! 

Men no har eg landa. Kost med familie og vener i helga, og er forsåvidt klar for full fres med kvardag igjen i  morgon  tidleg. Spørs berre om det blir så mykje spanande å melda om her då...

1 kommentar:

  1. Og me er glad for å ha deg heima igjen. Alle kom seg heim uten å bli stoppa av askå denne helga, iallefall hos oss:) Einaste som vart stoppa var typen din på vei UT TIL jobb. Snakke meg om, den var dåke heldige med.

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?