fredag 16. april 2010

Blant fiffen


I dag har me bevega oss i dei meir sofistikerte rekker. Begynte med internasjonal konferanse om urfolk sine rettar på den mexicanske ambassade i guatemala city. Fredsprisvinnaren Rigoberta Menccu var ein av deltakarane. Kloke og engasjerte folk snakka i vel to timar. På spansk. Så eg fekk god tid til å studera både folka og omgjevnadane rundt.. Etterpå var me inviterte til den norske ambassadøren på lunsj. Innfor godt vokta portar og høge gjerder låg eit heilt byggefelt med flotte hus og strigla gater. Og her låg altså den Kongelige Norske Ambassade. Den royale løva prega både bestikk, service og glas. Ambassadøren var ein flott vert, og maten var sjølvsagt eksepsjonell. Og sjåføren vår var like velkomen til bords som oss! Trur nok kontrasten til hans vanlege lunsjar var endå større for han enn for oss..

1 kommentar:

  1. Besøk hos Ambasadøren og døra er ganske spennande da og, og kontrasten blir stor i eit land som dette. Me følge med på bloggen din, kjekt å både lesa og sjå bilder. Fortsett:)

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?