tirsdag 20. april 2010

Ikkje for dei fintfølande!


Dette innlegget bør du ikkje lesa om du er litt nèm. Det handlar nemlig om magasjau! Etter seks dagar med ekta rennaskjeta, gjekk eg i dag til lege her i byn. Fleire av dei andre norske har òg slite med det same. Me har kategorisert det som reisemage, altså at magen ikkje heilt taklar det nye miljøet. Og på ein måte var det jo dét. Eg hadde nemlig fått amøber i magen! Blir litt meir kvalm berre av tanken! Men søte herr doktor føreskreiv noko vidundermiddel, og allerede i morgon skal kuren vera overstått. Så då håpar eg at systemet er tilbake til normalen igjen når eg set meg på fly heimover om to dagar! Om det går noko fly då...

3 kommentarer:

  1. Amøber i magen høyres jo delikat og berre lekkert ut;) Reknar med at du blir bra til heimreisa, du kan jo ikkje dra med deg amøbene heim... Og damå på Island høyres ut til å ha roa seg, får berre håpa på at det holder og at ikkje naboen Katla våkna til liv.

    SvarSlett
  2. Skikkelig dritthistorie du hadde her. Men sikkert ikkje uventa, e vel ganske så vanlig med magesjau når ein er i et så pass fremmande land. Veldig kjekt og følgje med på turen din. Gler meg til å sjå at du har kjøpt, eller nei som blei solgt til deg.
    Snakkes når du kommer heim, viss skyene vil.
    Laura

    SvarSlett
  3. Du må ha god bedring og lykke te med heimreisa !!!
    -kristi-

    SvarSlett

Vil du sei noko om dette?